ADVOKATFIRMAET SUNDE

Barn og familierett

Advokatfirmaet Sunde gir juridisk bistand i barn- og familiesaker, med vekt på trygge prosessar og gode løysingar.

Vi bistår i spørsmål knytt til barnevern, samvær, barnefordeling, foreldreansvar, sambuaravtalar, skilsmisse og økonomiske oppgjer.

Skilsmisse og økonomiske oppgjer

Ved skilsmisse oppstår det ofte konflikter rundt det økonomiske oppgjeret. Ein har dømevis spørsmål om kva som kan skeivdelast og kven som har ansvar for gjeld.

Ektefellane sin felles formue skal i utgangspunktet likedelast etter det er gjort fradrag for gjeld jf. ekteskapslova § 58 første ledd. Likevel er det mogelegheit for å halde formue og ting utanfor delinga etter forskjellige særreglar, dømevis etter ekteskapslova § 59 om skeivdeling.

Fordeling av formue kan vere utfordrande, og vi tilbyr bistand for å sikre at du kjem ut av skilsmissa på best mogeleg måte.

Barnevern

I Noreg skal barn vere sikra ein god oppvekst. Dei har rett på trygge omgivnadar slik at dei er i god helse og har dei rette føresetnadande for utvikling. I nokre tilfelle overtek barnevernet ansvaret for dette i den grad det er nødvendig for barnets beste.

Samstundes skal foreldra sin rett til familieliv sikrast. Vi tilbyr bistand i møter med barnevernet, fylkesnemnda og i rettssaker.

Dersom barnevernet har truffe eit tvangsvedtak dekkast utgifter til advokat av det offentlege. Ta kontakt dersom du treng hjelp til di sak.

Barnefordeling

Spørsmål om barnefordeling omfattast av barnelova. Denne lova gir

Foreldreansvar

Sambuaravtalar